Metallkveld på Flytten

Det var duka for lokal metall-fest på Flytten, rocke og metallpuben i Haugesund i går. Hellnight stilte mannsterke og tok med seg Trolltokt frå Bømlo for å øydelegge nakkene og øyrene til metallfans i «Sildabyen». Hellnight er eit nystarta band og dette var deiras fyrste konsert, men musikerane har erfaring frå andre band. Trolltokt har nesten ei handfull liste med demoer på samvitet.

Trolltokt var fyrstemann ut, og frå fyrste augeblikk skjønte eg at det var svartmetall det var snakk om. Kvad tok seg av skrikinga, Dakarath på gitaren og Anguished bak trommesettet. På bass hadde dei leigd inn Djervsinn, som berre hadde fått ei veke på seg til å lære songane, men det merkast ikkje! Gutane på scena starta hardt og aggressivt og sa ikkje mykje gjennom heile konserten. Vokal og bass kom lite fram, men etter eit par ord med lydmannen ordna det seg og lydbildet vart komplett. Etter fem songar takka dei for seg (uten eit ord) og forsvann «backstage». Det var tid for påfyll og litt frisk luft for oppvarma metallhovud.

Thrashrock n’ Roll

Hellnight var det store namnet denne kvelden, og fronfiguren der, Gravlund, var det som stod for arrangeringa. Gravlund tok seg av vokalen, Jan Inge Larsen på gitar, Sander Skeie på bass og Espen Værvågen på trommer. Dei starta ganske hardt dei og, men sjangermessig var dei vanskelig å plassere. Dei seier sjølv at dei speler thrashrock n’ roll med tekstar inspirert av horrorfilmar og musikk av 80-talls rock n’ roll. Vokalen var det som overraska meg hos Hellnight, den var verken svart, thrash eller death. Til tider kunne det bli litt for lite futt, men jevnt over så gav Gravlund alt. To av musikerane er sessionmusikerar for eit anna band, SorgSvart, og har då røtter der. Det gjorde at dei dro ei coverlåt, og det var artig å høyre den på det viset. SorgSvart er vanlegvis eit svartmetallband med folkelige innslag. Dei avslutta med ein coverlåt av punk-kongen GG Allin, Bite It.

Alt i alt var dette ein god kveld, med mykje god musikk, mykje god drikke, og mykje godt selskap, både på vorspielet, backstage og nachspelet.