The Low Frequency In Stereo på Byscenen

The Low Frequency In Stereo held til i Haugesund og er ikkje glad i å synge. På konserten, som varte i ein time og tjue minutt med vel 14-15 låter, var det berre vokal på to(!) av dei, noko eg fann ganske pussig.

Årsaka til at dei spelte konsert (som attpå til var gratis) heng saman med at det er Filmfestival i byen for tida, og på mandag (22 august 2005) vart det vist ein film som heitte «Nordkraft», og den hadde The Low Frequency In Stereo lagt mykje av musikken til. Denne filmen vart vist tidligare på kvelden mens gruppa holdt konsert på ByScenen ei stund etterpå.

Det første eg legg merke til då eg kjem inn på Byscenen er den høge scena, den distanserte publikum frå dei som stod på scena fordi me måtte trekke bak for å sjå alt samen, sjølv om det ikkje var gjerde eller noko. Konserten skulle byrje klokka 22.00, og eg trur ikkje eg har vore på ein konsert der bandet har vore så presist som dette; 2 minutt over ti slo Per Plambech Hansen (gitarist) på dei første strengene og konserten byrja.

Omtrent frå første tone visste eg at denne konserten blei bra, og eg fekk rett. Den hardtslåande trommisen Ørjan Holand holdt koken og overførte rytmen frå kroppen til trommestikkene. Bassist (og vokalist på ein song) Per Steinar Lie begynte rolig med riffa sine, men etterkvart som songane utvikla seg slo han håret laus i Neil Young-stil og kasta og vrengte på seg mens han spelte hardt og rått på bassen sin. Det siste medlemmet av gruppa var ei jente ved namn Hanne Andersen som spelte keyboard, piano, gitar, tamburin og var vokalist på den andre songen.
Musikkstilen høyrtes for meg ut som progressiv rock, men ikkje fullt så progressiv i visse deler av musikken.

Groove.no karakteriserer musikkstilen som Instrumental / Eksperimentell rock / Støyrock / Indierock / Space rock, men det får vere opp til den enkelte å sette dei i riktig bås. Musikken var i alle fall i stor klasse, og det fungerte veldig bra live!

Lyden på Byscenen var det ingenting å klaga på, akkurat passe høgt, og veldig jamn fordeling over instrumenta. Det var ingen som vart dominerandes.