Unge talenter på Lille Byscenen i Haugesund

På Lille Byscenen i Haugesund kan unge og talentfulle band av og til få utfolde seg på scenen, og på laurdag var det tre band med røtter i Haugesund som stod på lista.

Førstemann ut var Code:Red, som måtte steppe inn for Sworn frå Bergen, trommisen hadde fått senebetennelse. Code:Red spelte thrash-metall så øyrevoksen smelta, her var det full guff frå første skrik til siste trommeslag. Vokalisten, som berre er 17 år gammel har ei enorm stemme, den guten kan nå langt. Gitaristen er og berre 17 år, men handlar gitaren som han skulle spelt i fleire titalls år. Trommisen på 18 har berre spelt eit år, men med mykje øving veit han kor han skal slå med stikkene. Bassistrolla var delt inn i to roller, då den opprinnelige bassisten var bortreist på studier. Dette var den tredje konserten til dette unge bandet, og den forrige var på Rogalands største metall-scene, Tribute i Sandnes. Den neste blir på Betong i Oslo. Desse gutta vokser fort, og eg skal love deg at nakken fekk kjørt seg!

Gravemachine

Desse gutta var forholdsvis ukjente for meg, men musikken var ikkje dårleg av den grunn. Dei hadde litt spesiell line-up, tre gitaristar, ein bassist og ein trommis. To av gitaristane tok seg av vokaljobben, den eine med energisk og høgspent reinvokal, mens han andre var av den meir ekstreme typen. Musikken var metall, i blanda ganske mykje melodi, og ofte hadde eg følelsen av power-metall. Dette er ein sjanger som ikkje appellerer til meg, så eg har ikkje så mykje å sei om kvaliteten.

Reism

Dette var vel kveldens mest etablerte band, med ein demo som utvikla seg til ein demo, «Lifestyle Product». Bandet vart til då dei tre hovudmedlemma gjekk på musikkskule i Liverpool. Musikken kallar dei sjølv Rocktronica, men eg vil kalle det gotisk rock.